Ulstein kommune

Ulstein kommune administrerer og legg til rette offentlege tenester innan ei rekke tenesteområde frå teknisk sektor, utdanning, helseteneste, omsorgsteneste. Kommunen legg stor vekt på universell planlegging og har innbyggarane sin helse som ein ledetråd i planleggingsarbeidet. I tillegg har kommunen lagt stor vekt på utvikling av myndige medarbeidarar og ei leiing som understøttar ei slik medarbeidarrolle.

10/10/2018
SØKNADSFRIST: 28.10.2018 Ulstein bibliotek flytta i desember 2017 inn i nye lokale i Ulstein Arena. Biblioteket har godt besøk, og har moderne og innbydande lokale, midt i Ulsteinvik sentrum. Ulstein bibliotek er eit meirope bibliotek, som også skal vere ein møtestad for innbyggarane, ein debattarena, lokale for utstillingar og mindre konsertar m.m. Om stillinga - arbeidsoppgåvene 100 % fast stilling frå 1. desember 2018. Biblioteket har to årsverk, fordelt på bibliotekleiar og to assistentar. Bibliotekleiar er bibliotekfagleg ansvarleg og tek del i dei fleste arbeidsoppgåver i biblioteket. Økonomi og personalarbeid. Samarbeid med skular, lag og organisasjonar. Ulstein har formalisert biblioteksamarbeid med nabokommunane Hareid, Herøy og Sande, noko som gir lokalt kollegafellesskap og fleire samarbeidsprosjekt. Kvalifikasjonar Godkjend bibliotekfagleg utdanning. Søkjarar med anna utdanning frå høgskule/ universitet kan bli vurdert. Serviceinnstilling og ønske om å jobbe allsidig og utviklingsorientert. Digital kompetanse. Personleg eigenskapar og gjerne leiarerfaring. Vi kan tilby Jobb i ein attraktiv og utviklingsorientert kommune. Leiar for eit av Noregs mest moderne bibliotek. Lønn etter avtale. Hjelp til å skaffe bustad. For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte: Kultursjef Leif Ringstad, tlf 473 01 332 /  leif.ringstad@ulstein.kommune.no Ber om at søkarar nyttar elektronisk søknadsskjema, trykk på knappen "Søk nå" på denne sida.  StillingsID: 349   Søknadsfrist: 28.10.2018
Ulstein kommune Ulstein, Norge