Norddal kommune

Norddal kommune ligg vakkert plassert midt i Noregs flottaste fjordlandskap. Det er ein liten kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal som byr på store naturopplevingar, trygt nærmiljø og godt klima. Norddal kommune omfattar fem bygder som ligg spreidd rundt Norddalsfjorden. Kommunen har gode oppvekstvilkår med eit rikt kulturliv, godt skuletilbod og full barnehagedekning. Her er stor satsing opp mot natur, helse og velvære. Les mer her.

Norddal kommune er inne i ei spanande tid med kommunesamanslåing med Stordal kommune og skal frå 01.01.2020 verte Fjord kommune. Fjord vil vere ein demografisk liten kommune, men stor geografisk som kan tilby kommunen sine innbyggjarar og tilreisande eit breitt spekter av tilbod og mulegheiter. Les mer her.

12/12/2018
SØKNADSFRIST: 19.12.2018 Norddal kommune har ledig stilling som kommuneoverlege i 100% fast stilling frå dagens dato. Er det legepar som er interessert vil kommunen vurdere oppretting av to legestillingar.  Kommuneoverlegen i Norddal kommune er tillagt ansvar for medisinskfagleg rådgjeving til den øvrige kommunehelsetenesta, allmennmedisinske offentlege oppgåver og vanlege kurative oppgåver. Stillingsbrøk på dei tre hovudoppgåvane vil variere og kommunen vil vêre fleksibel.  Oppfordrar leger som vil spesialisere seg innanfor allmennmedisin og/eller samfunnsmedisin til å søkje. Kommunen vil leggje til rette for utdanninga.  Kommuneoverlegen vil ha det faglege ansvaret for legekontoret (1 fastlege, 1 LIS1 og 2 helsesekretærer) psykisk helseteneste, helsestasjonstenesta (2 helsesøstrer), ergoterapeut og fysioterapeut. Legekontoret er velutstyrt, nye lokaler i 2013 og brukar CGM Journalsystem.  Frå 01.01.2020 vert Norddal ein del av Fjord kommune og legetenesta vil då ha minimum 3 leger og 1 LIS1.  Nordal kommune har eit velfungerande legevaktsamarbeid med kommunane Ørskog, Stordal og Vestnes, samt nattlegevakt med Ålesund. Søkjar vil måtte delta i den interkommunale legevaktordninga (2 - 3 vakter i mnd. på Ørskog og minimum 6 vakter i året i Ålesund). Legekontoret er samlokalisert med ambulanser og personalet for disse.  Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju. Arbeidsoppgåver Ny kommuneoverlege vil kunne ha innflytelse på utforming av innhald i stillinga, men følgjande oppgåver er sentrale: Ivareta sammfunnsmedisinske oppgåver Medisinskfagleg rådgjeving og veileding i helse- og omsorgssektoren Bidra aktivt i det tverrsektorielle folkehelsearbeidet Kurativ teneste Stillinga inngår i kommunens kriseleiing Kvalifikasjonar Søkjar må ha godkjent norsk autorisasjon som lege Det stilles krav om politiattest, i tråd med bestemmingar i helsepersonallova Utdanningsretning Medisin/Helse/Sosialfag Personlege eigenskapar Personleg godt egna og samarbeidsevne vil bli vektlagt God språkforståing og formidlingsevne Vi tilbyr Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette Pensjonsordning i KLP Lønn etter avtale Er behjelpeleg med å finne leilighet/hus/pendlerbolig. Er behjelpeleg med å finne arbeid til partner Kontaktinfo: Karl Andrè Birkhol Kommunalsjef (+47) 941 66 992 Marius A. Moe Personalsjef 47660346 marmoe@norddal.kommune.no  
Norddal kommune Norddal, Norge