Vågå kommune

Vågå kommune ligg midt i nasjonalparkriket, med Jotunheimen og Rondane som næraste naboar. Besseggen, kåra av National Geographic til ein av dei 20 World's best hikes , blir årleg besøkt av 60-70.000 fotturistar. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt og allsidig utbygd servicetilbod. Vågå har eit svært godt barnehage- og skuletilbod, med m.a. eigen PC til alle i grunnskulen. Kulturlivet er allsidig og rikt, og rommar noko for ei kvar interesse. Naturen gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske, luftsport, langrenn og alpint. Sjå vågåleve.no for å bli betre kjend med oss.

05/08/2018
SØKNADSFRIST: 27.08.2018 Vi søkjer ein trygg, tydeleg og synleg leiar med evne til å tenkje heilskapleg og strategisk. Som rådmann vil du ha fokus på leiing, økonomistyring, teneste- og omdømebygging. Du må kunne syne til gode resultat som leiar innan offentleg og/eller privat verksemd. Vidare vil vi legge vekt på at du har erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid, god forståing for samhandling/rolledeling mellom politisk og administrativ leiing og god innsikt i kommunal forvaltning og økonomi.   Prioriterte oppgåver: Leiing og samordning av heile den administrative verksemda i kommunen. Vere bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjonen. Ansvar for å gjennomføre/iverksette politiske vedtak. Utvikle Vågå kommune som ein brukarorientert, open, nyskapande og kompetent organisasjon. Etablere gode relasjonar mot næringslivet i kommunen og ulike eksterne samarbeidspartar.  Vi ønskjer at vår nye rådmann skal ha ein motiverande, samlande og inkluderande leiarstil. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid med både interne og eksterne aktørar vil og bli vektlagt. Søkjarar må ha utdanning på høgskule-/universitetsnivå eller tilsvarande. Vi kan tilby løn etter avtale og ein utfordrande leiarstilling i ein kommune med visjonar for framtida. Administrasjonsspråket i Vågå er nynorsk.  Dersom du ønskjer fleire opplysningar om stillinga, kan du kontakte ordførar Iselin Vistekleiven, tlf. 91643500 Søknad skal sendast som elektronisk søknad via www.vaga.kommune.no   innan 27.08.18 Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune Vågåmo, Norge