Ål kommune

Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen er den største av Hallingdals-kommunane med ca. 4.700 innbyggjarar, og med Bergensbanen og Rv. 7 som hovudårer. Flott natur og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar. Kommunen har eit av landets beste kulturtilbod, og eit variert næringsliv, barnehageplass til alle, eit godt utbygd grunnskuletilbod, vidaregåande skule og kortreist kvardagsliv. Ål er helsekommunen ii regionen med Hallingdal sjukestugu og base for Norsk Luftambulanse.

21/02/2020
SØKNADSFRIST: 08.03.2020 Beskrivelse avdeling Avdeling Heimetenester gir naudsynt helsehjelp og praktisk bistand til personar som bur i eigen heim. I avdeling Heimetenester er det frå 01.04.2020 ledig 100% fast stilling for assisterande avdelingsleiar.Vi søker deg som trivst med varierte oppgaver og høgt tempo, og at arbeidsdagen ikkje alltid blir som planlagt.   Arbeidsoppgåver Ass. avdelingsleiar har tett samarbeid med avdelingsleiar om tenesteytinga. Assisterande avdelingsleiar vil ha oppgåver knytta til planlegging og dagleg drift av avdelinga, ressursstyring, kvalitet- og fagutvikling, saksutgreiing og vedtak, samt Gerica. Ass. avdelingsleiar er ansvarleg i avdelinga når avdelingsleiar ikkje er til stades. Stillinga er p.t. ei dagstilling, men i eit år vil ein teste ut at assisterande avdelingsleiar jobbar kvar 3. helg. I denne perioda vil stillinga ha turnus-arbeidstid. Kvalifikasjonar Helsefaglig høgskoleutdanning, primært bachelor i sjukepleie Leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning er ynskjeleg God muntlig og skriftlig norsk fremstillingsevne Gode IKT-kunnskaper; gjerne kjennskap til Gerica Erfaring fra heimeteneste er ynskjeleg, men ikkje noko krav God forståelse for pasientflyt i kommunehelsetenesta Kjennskap til kontinuerleg forbetringsarbeid Vi ynskjer oss vidare ein medarbeider som * evnar å jobbe måleretta og sjølvstendig * er strukturert og systematisk * har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner * har positiv holdning og godt humør Du må dessutan ha førarkort for bil.   Me tilbyr Ein heimeteneste i positiv utvikling og vekst Ei verksemd som er framtidsretta, med fokus på god samhandling og arbeidsglede Tverrfaglig arbeid i team Varierte arbeidsdagar Faglege utfordringar og eit godt arbeidsmiljø 100% stilling, med arbeid på dagtid og f.t. kvar 3. helg Løn etter avtale Pensjonsordning i KLP Hjelp til å skaffe bustad Politiattest Stillinga krev godkjent politiattest, nyare enn 3 mnd. Send søknad Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Me hjelper deg gjerne dersom du treng hjelp til å søkje elektronisk. Ta med kopi av vitnemål og attestar ved ev. intervju Kontaktperson Herbjørg Dalene Bjerke Avdelingsleiar Heimetenester E-post  herbjorg-dalene.bjerke@aal.kommune.no   Mobil  90684314
Ål kommune Ål, Norge
21/02/2020
SØKNADSFRIST: 08.03.2020 Beskrivelse avdeling Ål kommune har 60 % ledig vikariat for sjukepleiar i perioden 01.05.2020-28.02.2021 ved Hallingdal legevaktsentral/Hallingdal nattlegevakt/Øvre Hallingdal legevakt. Stillinga er for tida i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Kvalifikasjonar Vi treng erfarne sjukepleiarar, gjerne med relevant tilleggsutdanning, som har lyst til å jobbe med varierte oppgåver og som trivst med og taklar eit til tider høgt tempo. Vi søkjer dyktige og strukturerte medarbeidarar som er serviceinnstilt og har god norskkunnskap både skriftleg og munnleg. Søkjar må og ha god munnleg framstillingsevne, og god evne til å jobbe sjølvstendig. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Me tilbyr · Full barnehagedekning i kommunen · Hjelp til å skaffe bustad · Lønn etter avtale . Pensjonsordning i KLP   Politiattest Stillinga krev godkjent politiattest, nyare enn tre mnd. Send søknad Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Me hjelper deg gjerne dersom du treng hjelp til å søkje elektronisk. Ta med kopi av vitnemål og attestar ved ev. intervju Kontaktperson: Anne Ingeborg Hefte Avd.leiar E-post anne.hefte@aal.kommune.no   Mobil 95529755
Ål kommune Ål, Norge