Vurdere du å flytta her eller har du allereie flytta til Suldal, så vil me ønskja deg hjertelig velkommen! Me har prøvd å samla inn informasjon som kan var nyttig å ha som nytilflytta. Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med Servicetorget. Me håper du finn deg til rette i Suldal!
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3900 menneske her. Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Me har eit flott kulturhus med kino og bowling, ein sandhall og i løpet av 2018 opnar me nytt basseng - Suldal bad.
Kom til Suldal for å oppleva fantastisk natur! Det er merka turløyper i alle grender og det er ein tur for alle - uavhengig av alder og fysisk form. På Miljøstatus Suldal finn du informasjon om natur og kultur, friluftsliv, klima, miljø og miljø med meir. Lenkje til sida finn du her. Du kan og lesa om turstiar og fritidsaktivitetar som jakt og fiske.
Besøk og Skattekammeret Suldal her
Klikk deg rundt på heimesida for å bli kjent med tenestene i kommunen vår. I søknadsportal vår finn du oversikt over alle skjema og korleis du skal søkja.