Fusa kommune

Fusa - midt i blinken! 

Fusa kommune ligg sentralt plassert i Bjørnafjordsregionen midt i Hordaland, ein knapp times reise frå Bergen. Vi har ca 3 920 innbyggjarar, god barnehagedekning og skuletilbod som omfattar vidaregåande skule. Frå naturen si side ligg alt til rette for å leva aktive liv innanfor grøne rammer, frå sjø til snø.

Visjon og slagord for kommunen er ”Fusa – midt i blinken!”, og vi har som mål å levera treffsikre tenester. F.o.m. 1.1.2020 slår Fusa seg saman med Os til Bjørnafjorden kommune. Fusa kommune har ca 360 tilsette. Vi satsar på arbeidsmiljøtiltaket «Fusa i farten» og arbeider i tråd med verdisettet R-O-M-S-L-E-G med tilhøyrande etiske retningslinjer. For alle stillingar i Fusa kommune gjeld desse generelle vilkåra.