Smøla kommune

Øykommunen Smøla ligg på Ytre Nordmøre, heilt nordvest i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar mot nabokommunane Kristiansund i sørvest, Aure i sør-aust og til Hitra i Sør-Trøndelag mot nord. Fast-Smøla har eit areal på 214 km2, medan heile kommunen med meir enn 5800 øyar, holmar og skjær har eit samla areal på 275 km2.