Klepp kommune
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgste staden i og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19200 innbyggjarar. Me har eit rikt organisasjons- og kulturliv. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st, Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.