Etne kommune

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. 

Administrasjonen er organisert etter tonivåmodellen, med 10 resultateiningar i tillegg til stabs-, støtte- og rådgjevarfunksjonar. Kommunen har ca 270 årsverk/440 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.

08/02/2019
SØKNADSFRIST: 22.02.2019 Ønsker du å jobbe som jordmor i Etne kommune? Det er ledig 20% fast jordmorstilling med moglegheit for mellombels stillingsauke til ca 60% ved innvilga tilskotmidlar. Arbeidsoppgåver - Svangerskapskontrollar og oppfølging av gravide og deira familiar, i samsvar med gjeldande retningslinjer - Opplysningsverksemd og førebuing til foreldrerolla, med fokus både på fysisk og psykisk helse. - Tverrfagleg samarbeid i oppfølging av gravide med særskilde behov - Oppfølging av gravide jf nasjonal faglege retningslinjer. kompetanse: Offentleg godkjent jordmor Førarkort kl B Personlege eigenskapar - Gode samarbeidsevner - Evne til fleksibilitet og sjølvstendig arbeid Annan informasjon Lønn etter gjeldande avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar  Etne kommune er ei IA- bedrift Tilsetting forutset at det blir lagt fram godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar. Søknad skal sendast Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju. Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Etne kommune Etne, Norge