Masfjorden kommune

Masfjorden kommune ligg nord i Hordaland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i Sogn og Fjordane fylke og kommunane Modalen og Lindås i Hordaland fylke.

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.

11/12/2018
SØKNADSFRIST: 31.12.2018 Kort om stillinga Masfjorden kommune har ledig stilling som økonomi- og personalleiar frå 01.01.2019. Stillinga er sentralt plassert i den kommunale verkemda. Det vert og opna for søknader for berre økonomidelen. Arbeidsoppgåver Ansvar for føring og avslutning av rekneskapen og løpande rekneskapsrapportering, utarbeiding av budsjett og økonomiplan, KOSTRA ansvarleg, Systemansvar økonomisystem, div. innkrevjingsarbeid, utskriving og oppfølging eigedomsskatt, intern kontroll, rettleiing og opplæring og elles andre oppgåver knytt til økonomiforvaltninga i kommunen.  Fagleg ansvar når det gjeld strategisk arbeidsgjevarpolitikk, personalforvaltning og personalutvikling. Dette inkluderer utviklinga av overordna mål og strategiar for kommunenes arbeidsgjevarrolle, utvikling av system (IKT/HR, intern kontroll etc), rutinar og reglar innan personal, løn, HMT, kompetanse, organisasjonsutvikling. Krav til stillinga Relevant utdanning frå høgskule eller universitetsnivå. God erfaring frå føring og avslutning av kommunale rekneskap, og kjennskap til kommunal økonomi- og personalforvaltning. Send søknaden elektronisk via heimesida til kommunen Er du ny søkjar må du opprette brukarnamn og passord. Kontakter Navn: Svein Helge Hofslundsengen Tittel: rådmann E-post: svein.helge.hofslundsengen@masfjorden.kommune.no Mobil: 90624235 Arbeid: 56166215
Masfjorden kommune Masfjorden, Norge