Bremanger kommune

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.

08/01/2020
SØKNADSFRIST: 01.03.2020 Svelgen oppvekst er ein 1-10-skule og barnehage.  Svelgen skule har ledig ei fast stilling som fagleiar i 100 % frå hausten 2020.  Vi søker etter ein fagleiar som har evne til å skape tillit, motivere og inspirere og som har stor arbeidskapasitet. Du må ha godt humør og vere ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid både fagleg og sosialt i tråd med sentrale og lokale mål. Du må ha evne til å vere sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel, samtidig som du er god på samarbeid og kommunikasjon. Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage. Den som vert tilsett må vere handlekraftig og god til å sette seg inn i dei allsidige arbeidsoppgåvene ei skuleleiarstilling inneber.   I stillinga inngår 60 % administrasjon og 40 % undervisning, og du må derfor ha undervisningskompetanse innanfor skulen sitt fagtilbod. Arbeidsoppgåver Fagleiar vil fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande, samt ha følgjande oppgåver:  informere nytilsette i skulen og gi praktisk informasjon  kollegarettleiing i pedagogiske og psykososiale spørsmål vere del av skulen sitt PALS-team medansvar og oppfølging av skulen sitt arbeid med det psykososiale miljøet (skulen si satsing på IBOS, § 9A, skulehelsetenesta, annleisveka mm.) medansvar for oppfølging av einskildelevar og tidleg innsats   medansvar overgangsarbeid i skule/barnehage delta på teamleiarmøte organisering av nasjonale prøver, eksamen og tentamen vikarordning i samarbeid med teamleiarane, samt utarbeide inspeksjonsplan ha ansvar for den kulturelle skulesekken ha ansvar for branntilsyn, brannøvingar to gangar pr. år, branninformasjon, dokumentasjon  Kvalifikasjonar Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har: godkjent undervisningskompetanse og lang erfaring frå skuleverket høg relasjonskompetanse med gode samarbeids-  og formidlingsevner  fagleg kompetent  avgjerdsfør/resultatorientert god skriftleg og munnleg framstillingsevne erfaring og utdanning innan leiing er ein fordel, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.  Lønn og tilsettingsvilkår Det blir stilt krav om politiattest ved tilsetting.  Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og overeinskomstar.  Det er 6 månaders prøvetid med 14 dagars gjensidig oppseiingsfrist. Kontaktpersoner Gro Bakke Abildsnes Kommunalsjef oppvekst 95985263 Sindre Myklebust Fjeld Driftssjef Svelgen oppvekst 46806321
Bremanger kommune Remote (Bremanger, Norge)