Time kommune

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv.

Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen

04/10/2019
SØKNADSFRIST: 24.10.2019 Me søkjer psykolog til familiesenter Familiesenteret er eit lavterskel tilbod innan psykisk helse for barn og unge. Senteret er knytt til helsestasjons - og skulehelsetenesta. Som psykolog vil du vera ein del av eit tverrfagleg team. Våre hovedtenester er familiesamtalar, foreldrerettleiing og samtalar med barn og unge i alder 0-18 år. Me har også ulike gruppetilbod. Det er fokus på samarbeid og samhandling med andre kommunale- og interkommunale tenester. Me tilbyr Eit engasjert fagmiljø. Det vil vera mogelegheit for psykologfagleg støtte og samarbeid med kommunepsykolog. Kvalifikasjonar Embetseksamen er eit krav. Er og ønskjeleg med relevant praksis, ved behov kan ein opna opp for anna relevant erfaring. Det vil verta lagt vekt på personelege eigenskaper og kvaliteter. Løn etter avtale Elektronisk søknadsprosess Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju. Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering. Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Kontaktperson Marianne Nesbø, Leder for helsestasjon - og skolehelsetjenesten i Time, tlf: 51776232, mobil: 92454617, marianne.nesbo@time.kommune.no   
Time kommune Time, Norge