Ål kommune

Ål er den største kommunen i Hallingdal. 

 

Næringsliv

Ål har eit variert næringliv. Mange arbeidsplassar er  knytta til primærnæringane og offentleg tenesteyting. Ål er ei tradisjonell landbruksbygd og største husdyrkommunen i Buskerud og det er sau, kyr og geit som dominerer. 

Hallingdal sjukestugu (avdeling under Ringerike sykehus) med sitt sjukehustilbod til dalen i tillegg til det kommunale helsestellet, base for Norsk Luftambulanse og felles legevaktsentral gjev bygda stor helseekspertise og mykje helsepersonell. 

Hyttebygging har dei siste åra ført til oppgang i bygg- og anleggsnæringa.  

Barnehage og skular Ål kommune har full barnehagedekning. Tilbodet er fordelt på fem barnehagar. Kommunen har fire barneskular, ein ungdomsskule og Ål vaksenopplæring. I tillegg har vi Ål vidaregåande skole og Ål folkehøyskole og kurssenter for døve. 

Kulturkommunen
Ål er kulturkommunen i Hallingdal. Vi har eit levande kulturliv med Ål kulturhus som storstugu med spennande eigenproduksjonar og gjestande artistar av høg internasjonal kvalitet. 

Det finst eit mangfald av friviljue lag og organisasjonar, oversikt finn du her: www.aal.kommune.no+kultur 

Oversikt over store årlege arrangement og kva som skjer, finn du på Ål Turisinformasjon si heimeside www.al.no

22/01/2019
SØKNADSFRIST: 26.01.2019 Avdeling Miljøterapi 1 har no ledig faste stillingar: 1. 100 % Miljøterapeut 2. 50 % Miljøarbeider - natt Miljøterapitenesta er delt i 2 avdelingar, som gir tilrettelagte heimetenester til personar med ulike  funksjonsnedsettingar.  Basen til avdelinga ligger i enden av Prestegardsjordet på Ål, i 4 bygg som inneheld personalbaser, omsorgsleiligheter og avlastningsleiligheter. Hovudmålet for miljøterapitenesta er å ivareta brukaren sitt behov for tryggleik, verdighet, mestring og sosialt liv ut frå den einskilde sine føresetnader. Avdeling Miljøterapi 1 tilbyr: 1. Omsorgsbolig med heildøgns tenestar til den som har behov for det på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade av andre årsakar. 2. Avlastningstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.  3. Praktisk bistand og opplæring til dei som har et særlig hjelpebehov på grunn av sykdom, funksjonshemming eller av andre årsaker trenger et målretta og tilrettelagt tjenestetilbud. Arbeidsoppgåver - Målretta miljøarbeid - Bistå tjenestemottakerne i gjennomføring av dagliglivets gjøremål, dagtilbud og aktivitetstilbud. - Arbeide med å tilrettelegge tiltak og utvikle ferdigheter, samt opprettholdelse av allerede erverva ferdigheter hos tjenestemottakerne - Legemiddelhandtering. - Samarbeid med pårørande, interne og eksterne relasjonar. - Opplæring og veiledning av øvrige ansatte ved behov Kvalifikasjonar Tilsetjing som miljøterapeut føreset relevant høgskuleutdanning og autorisasjon som t.d. vernepleiar/sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning. Tilsetjing som miljøarbeider føreset autorisasjon som helsefagarbeider e.l. I tillegg må våre nye medarbeidarar ha  - Førekort klasse B - Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg  - Gode kunnskapar om aktuelle lovverk bl.a. HOL kap.9 Er du i tillegg - Fagleg engasjert og oppdatert - Bevisst på eigne haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. - God til å arbeide i team så vel som sjølvstendig - Glad i fysisk aktivitet då vil du truleg passe inn hos oss. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Me tilbyr - Ein jobb som byr på variasjon, utfordringar og varierte arbeidsoppgåver - Løn etter avtale - Stilling i turnus  - Mulighet for fagleg utvikling - E-læringskurs Politiattest Tilsetjing føreset at du kan levere gyldig politiattest, nyare enn tre mnd. Send søknad Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no   under linken"Ledige stillingar". Kontakt: Karin Redalen avdelingsleiar Miljøterapitenesta E-post  karin.redalen@aal.kommune.no   Mobil  48223528 Arbeid  32085476
Ål kommune Ål kommune, Norge