Fjell kommune

Fjell kommune, det moderne og pulserande øysamfunnet rett vestom Bergen, omlag 22 000 innbyggjarar, raskt veksande bustad- og industriområde og eit innhaldsrikt kommunesenter på Straume. Arealet på 147 km2 er fordelt på nordre delen av Sotra, Bildøyna, Litlesotra og meir enn 500 store og små øyar, holmar og skjer.