Me har ein visjon om at Årdal kommune skal vera ein god kommune å bu, leva og arbeida i.
Me er ca. 5.400 innbyggjarar fordelt på tettstadene Øvre Årdal og Årdalstangen.
Årdal ligg der Sognefjorden kryp på land, ved inngangen til Utladalen og Jotunheimen. Kommunen har svært gode vilkår for friluftsliv og gode offentlege tilbod som mellom anna vidaregåande skule, kulturskule, full barnehagedekning, idrettshallar, treningssenter, kunstgrasbaner, friluftsbad og moderne kino.
Årdal kommune er ein stor arbeidsplass med ca 540 tilsette fordelt på 450 årsverk.
Årdal kommune har eiga bedriftshytte for tilsette og kan yte lån og tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen.
Meir informasjon finn du på heimesida vår: www.ardal.kommune.no