Vindafjord kommune
Vindafjord kommune er ein kommune på 620 km2 som ligg på halvøya Haugalandet i Nord Rogaland.  

Skiltet som seier at du no er i Rogaland Fylke og Vindafjord Kommune - Klikk for stort bilete

Kommunen grensar til Tysvær, Suldal og Etne. Frå sjøsida grensar Vindafjord mot Sveio, Stord og Kvinnherad. Namnet Vindafjord kjem frå «Vindafjorden», fjorden som dannar den sørlige grensa mot Suldal.

Vindafjord kommune og Ølen kommune vart slått saman til Vindafjord kommune frå 01.01.2006. Kommunesenteret er i Ølen, men kommunale tjenester ligg også i Sandeid. I kvar av dei 9 bygdene er det grunnskule, SFO og barnehage.

I 2015 vart det 8 765 innbyggarar fordelt på desse 9 bygdene: Vikebygd, Bjoa, Skjold, Vats, Vikedal, Sandeid, Imsland, Ølensvåg og Ølen. Kommunehuset ligg i Ølen, og kommunen har eit svært samansett næringsliv, hovudsakeleg basert på industri, landbruk og tenesteytande næring. Vindafjord er den 5. største landbruks-kommunen målt etter husdyrhold.

I Vindafjord har mange aktivitetar og sjåverdighetar. Her finn du ein fin natur med fjell og fjordar, der du kan gå tur, bade, fiske.

17/08/2018
SØKNADSFRIST: 31.08.2018 Vats skule ligg flott til i Nede Vats. Skulen har 100 elevar. Me har gode uteområde og store og luftige klasserom. Skulen er godt utstyrt m.o.t. hjelpemateriell og har kollegaer som arbeider godt i lag. Vats skule satsar på lesing, uteskule og vurdering av fagleg og sosial kompetanse og "Vurdering for læring". Me er opptekne av at alle elevar skal oppleva meistring, og at me skal ha eit ope og godt samarbeid med dei føresette. Elles arbeider me for open dialog og fleksibilitet i heile organisasjonen. Er du mann er du spesielt velkomen til å søkja - og vil få fortrinn under elles like vilkår.  Me søkjer: Lærar/spesialpedagog i barneskulen 90 - 100% stilling, vikariat ledig frå snarast til 31.07.2019. Hovudarbeidsoppgåver Timelærar i 1. - 4. klasse, gjerne med spesialpedagogikk og utdanning i faget "mat og helse". Kvalifikasjoner Grunnskule- lærarutdanning/spesialpedagog Andre opplysninger Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Ta kontakt med helsesøster viss du er i tvil.  I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA Me kan tilby - Egen Mentor til nyutdanna lærerar - Variert arbeid i positivt miljø - Faglege utfordringar og utvikling som fagperson - God opplæring og samarbeid med andre - Rabatt på treningssenter - Bedriftskunstlag - Seniorordning - Tilsetjing på vanlege vilkår  - Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning - Vindafjord kommune er IA-bedrift - Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no Lønsvilkår Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Søknad sendes Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste. Kontakter Navn: Grethe Halvorsen Tittel: Rektor - Vats Skule E-post: Grethe.Halvorsen@vindafjord.kommune.no Mobil: 91629595 Arbeid: 53655760
Vindafjord kommune Vindafjord, Norge