Ørsta - hjartet av Sunnmørsalpane
Ei av dei største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, og jordbruk er ei viktig næring. Likevel er Ørsta framfor alt ei industrikommune med eit breitt og variert industrimiljø, hovudsakleg med møbel-, metallforedlings- og næringsmiddelindustri med til dømes meieri og fiskeindustri.
Innbyggjartalet er knapt 10 700, og av desse bur om lag 6 500 i kommunesenteret. Ørsta er ein aktiv kulturkommune med meir enn 350 lag og foreiningar. Ørsta har gode kommunikasjonar. Ørsta/Volda Lufthamn Hovden har daglege flysamband med Bergen og Oslo. På Rystelandet er det djupvasskai. Ørsta er trafikkknutepunkt for kyststamveg E39 og FV655.
Les meir om Ørsta