Gaular kommune

Gaular kommune ligg sentralt i Sogn og Fjordane og har ei positiv folketalsutvikling med underkant av 3000 innbyggjarar. Frå kommunesenteret Sande er det 20 min køyring til Førde, 15 min til Førde Lufthamn Bringeland og 2,5 timar til Bergen. Kommunen har eit godt barnehage- og skuletilbod, fleirbrukshall og attraktive bustadfelt. Det er gode høve for friluftsliv heile året, med kort veg til Langeland skisenter, Gaularfjellet og Dalsfjorden. Sunnfjordregionen har også eit mangfaldig kulturtilbod. 

10/12/2018
Vernepleiar i i Bu- og miljøtenesta – saksnr. 18/2332. Vi har ledig fast 100% st. for vernepleiar frå medio februar 2019. Vi søkjer primært etter vernepleiar, men andre med relevant høgsskuleutdanning/ praksis kan søkje. Arbeidstid er turnus med langvakter og arbeid 4. kvar helg. Arbeidsoppgåver er oppfølgjing og bistand i brukarane sitt daglegliv. Det er krav om førarkort klasse B. For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med einingsleiar Håvard Berglund tlf. 97054128. Søknadsfrist for denne stillinga: 04.01.2019 For stillinga gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår. Søk på stillingane via søknadsenteret vårt på  www.gaular.kommune.no   Helsefagarbeidar i Heimetenesta – saksnr. 18/2314 Vi har ledig fast 100% stilling for helsefagarbeidar. For stillinga gjeld arbeid med praktisk bistand/ pleie i bustad til brukar. Arbeid på dag/ kveld og kvar 3. dje helg. For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med tenesteleiar Therese Brakestad, tlf. 97054100 Søknadsfrist: 17.12.2018 Assistent i vaskeri – saksnr. 18/2302 Vi har ledig 67% vikariat for assistent i vaskeriet ved Gaular bygde- og sjukeheim. Vikariatet er ledig for snarleg tilsetjing og til hausten 2019. Det er ynskjeleg med fagbrev som vaskeriarbeidar/ erfaring frå arbeid i vaskeri. For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med husøkonom Norunn Brendsdal, tlf. 57718233. Søknadsfrist: 17.12.2018  For stillinganr gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår. Søk på stillingane via søknadsenteret vårt på www.gaular.kommune.no  
Gaular kommune Gaular, Norge