Regionrådet Nord-Gudbrandsdal
  • Oppland, Norway

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal er eit regionalt samarbeidsorgan mellom kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk. 

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal skal fremme regionen sine interesser gjennom å leggje til rette for næringsutvikling, drive politisk interessearbeid og profilere regionen som ein god tilflyttarregion. Regionrådet skal arbeide for gode samarbeidsløysingar mellom kommunane til beste for regionens innbyggjarar.