Stavanger kommune

Stavanger er den fjerde største bykommunen i Noreg, og ligg sørvest i landet, midt mellom Nord- og Sør-Rogaland. Han er det administrerande, økonomiske og kulturelle senteret i fylket.

Stavanger sentrum er lite og kompakt. Vågen, der ein tidlegare lasta og lossa skip, er no det sosiale samlingspunktet i byen, med torg, ei rekke serveringsstader, og kai for fritidsbåtar. Stavanger domkyrkje har utsikt over Vågen på ei side og Breiavatnet på den andre. På andre sida av vatnet ligg Rogaland Teater og fleire museum. Smale brusteinsgater og kvite trehus pregar det som er igjen av den gamle byen, men det finst òg bygningar av betong og glas som fortel om ei ny tid.