Skodje kommune

Om kommunen

Skodje kommune er ein middels stor kommune i Møre og Romsdal, med eit areal på ca. 124 kvadratkilometer. Kommunen ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør.

convert.jpeg - Klikk for stort bilete

Skodje kommune har 4 667 innbyggjarar (pr.01.01.2017), og har hatt ein svært sterk vekst dei siste åra. Skodje har ei ung befolkning, der omlag 60% av innbyggjarane er under 40 år. Skodje er mellom anna staden med kortast veg til flest andre kommunesentra i fylket, ligg kort veg frå Ålesund og Ålesund Lufthavn Vigra, og i tillegg går E39 tvers gjennom kommunen. Den sentrale plasseringa, gjer at Skodje er ein attraktiv bu-kommune. Her bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen.
 
Meir enn halvparten av kommunen sin innbyggjarar bur i Skodjebygda, medan resten bur i krinsane Glomset, Svorta (Valle), Brusdal, Utvikbygda, Stette og Engesetdal.