Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

14/02/2019
SØKNADSFRIST: 28.02.2019 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har frå 1. april 2019 ledig ei 10 månaders prosjektstilling som: Fotograf / fotoarkivar Hovudformålet med fylkesarkivet sitt fotovernarbeid er innsamling, sikring og formidling av kulturhistoriske fotografi frå Sogn og Fjordane. I bevaringsarbeidet samarbeider vi tett med kommunar, museum, bibliotek og frivillig sektor. Fylkesarkivet forvaltar store fotosamlingar frå fylket og har også omfattande publikumstenester for foto på Internett. Prosjektstillinga er knytt til prosjektet «Fotoarkivet etter fotograf Elen Loftesnes». Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere digitalisering og registrering av historisk fotomateriale frå Elen Loftesnes sitt arkiv. Det kan bli høve til forlenging av stillinga i samband med moglege digitaliseringsprosjekt på audiovisuelt arkivmateriale. Den som vert tilsett må ha førarkort.  Du må ha: Fotografutdanning på vidaregåande- eller høgskulenivå God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne Datakunnskap innan bildehandsamingsverktøy  Vi vektlegg: Kunnskap og interesse for kulturhistorie og -vern Erfaring frå fotobevaring i arkiv eller museum Stor arbeidskapasitet, resultatorientering og systematikk Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre Evne og ynskje om å tileigne seg kunnskap innanfor eit omfattande fagfelt Erfaring med bevaring og/eller produksjon av levande film  Vi kan tilby Løn etter avtale Gode forsikrings- og pensjonsvilkår Fleksibel arbeidstid Arbeidsstad: Leikanger  På heimesida vår:  www.fylkesarkivet.no  finn du meir informasjon om fylkesarkivet.  Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn under ledige stillingar på  www.sfj.no . Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. Spørsmål om stillingen   Kontaktperson: Arnt Ola Fidjestøl Stillingstittel: fylkesarkivar Telefon:  57 63 80 00   /  971 88 903 Kontaktperson: Elin Storøstevik Stillingstittel: fotoarkivar og fagleiar Telefon:  57 63 80 53  
Sogn og Fjordane fylkeskommune Leikanger, Norge