Vågsøy kommune

Vågsøy kommune er ei naturperle som ligg ytst i Nordfjord mellom Ålesund og Bergen. Næringslivet er aktivt med hovudvekt på marine næringar. Kommunen har eit godt utbygd barnehage- og skuletilbod, kultur- og idrettstilbod og eit fatastisk turterreng. Kommunen har omlag 6100 innbyggjarar. Måløy er kommunesenter. For meir informasjon om regionen sjå www.nordfjord.no