Lindås kommune

Lindås kommune er den største kommunen i Nordhordland med 15.000 innbyggjarar. Vi er ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv. Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland, 30 minutt frå Bergen sentrum. Vår visjon er å vera ein kommune der draumar blir røyndom, derfor ønskjer vi å vera kvalitetsbevisste, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

13/08/2018
  SØKNADSFRIST: 31.08.2018 Eining Vi er organisert under sektor for samfunnsutvikling og kommunalteknikk. I eininga er det to avdelingar, reinhald med omlag 51 tilsette og drift/vedlikehald med omlag 35 tilsette. Vi er stasjonert på brann-og driftsstasjonen på Alverflaten og på rådhuset i Knarvik. Eininga har ansvar for å drifte og vedlikehalde alle kommunen sine eigde lokaler, om lag 100.000m2. Vi har og byggherreansvaret for alle nybygg kommunen har i eigen regi. Td. skular, omsorgsbustader, institusjonar, idrettsanlegg og barnehagar. I tillegg har vi om lag 200 kommunale utleigebustader. I eininga vår har vi fem prosjektleiarar, fire av desse på investering og ein på vedlikehald. Prosjektleiarane har  einingsleiar/ eigedomssjefen som næraste leiar. Vi har mange spennande prosjekt på gang og treng difor å knytta til oss ein dyktig prosjektleiar i 100 % stilling. Arbeidsoppgåver Lindås kommune skal fram til 2020 investere omkring 650 millionar i nye skular, barnehage, bufellesksskap og bustadar. Vi treng ein prosjektleiar som kan vere med å planleggje prosjekta, førebu saksframlegg til politisk handsaming, sikre god brukarmedverkning og definere behov. Du vil koordinere dei tekniske rådgivarane, samt interne og eksterne brukarar og referansegrupper. Under bygginga vil du vere kommunen sin prosjektleiar og følgje arbeidet tett. Du kan og vere byggjeleiar på dei prosjekta ein ikkje vel å bruke ekstern byggjeleiar. Til stillinga ligg økonomi og framdriftsoppfølging. Du må også arbeide etter reglelverk for offentlege anskaffingar og byggherreforskrifta. Kompetanse - teknisk fagskule, høgskule/bacherlor eller sivilingeniør/master. Manglande formell utdanning kan kompanserast med lang erfaring som prosjektleiar/byggjeleiar.  -praktisk erfaring og innsikt i byggfaget -god på økonomisk oppfølging. Jakte på gode løysingar i anskaffinga, og kunne tenke samfunnsøkonomisk i eit livsløpsperspektiv. -kunnskap om regelverk for offentlege anskaffingar og byggherreforskrifta -strukturert, nøyaktig og opptatt av kvalitet -gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg. -du likar å samarbeide og er lydhør -du balanserer prosessar, der framdrift både kan ta tid og ha høgt tempo.  -du er omgjengeleg og har godt humør -du er kreativ og liker å finne gode løysingar Vi tilbyr - Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk.  -Ein spanande jobb der ein kan vere med å gjere ein forskjell i samfunnet. Vi kan bidra til å gje gode oppveksvilkår til born og unge, gje rom for aktivitet og skape gode plassar å bu for alle som mottek tenester frå kommunen.  -Gode pensjons og forsikringsordningar. Spørsmål om stillingen Kontaktperson: Line Merete Valle Stillingstittel: einingsleiar Telefon:  992 94 474
Lindås kommune Lindås, Norge