21/01/2021
SØKNADSFRIST: 06.02.2021
Førde barneskule ligg i Førde sentrum i Sunnfjord kommune. Skulen er ein barneskule for 1-7, med om lag 265 elevar og 45 tilsette.
På skulen er det innføringsklasse for nyankomne elevar frå Førdeområdet, og SFO har to avdelingar med til saman 132 barn. Det er tett samarbeid mellom SFO, innføringsklasse og skulen i oppfølging av elevane våre. Skulen har eit godt arbeidsmiljø. Det er god delingskultur og ei stabil personalgruppe.
Det er vektlagt at alle som arbeider på Førde barneskule skal ha ein felles pedagogisk plattform, og dei faste tilsette ved skulen har gjennomført kurs i inkluderande skulemiljø. Skulen deltar i kursverksemd og utdanning for å utvikle oss vidare, og refleksjonar i personalgruppa er vektlagt i utviklingsarbeida.
Vi har ledig følgande stilling:
100 % fast stilling som lærar ...
Sunnfjord kommune
Førde, Norge