02/12/2019
SØKNADSFRIST: 15.12.2019
Stillingsinformasjon
Stillinga er ei kombinasjonstilling som omfattar arbeid på korttidsavdelinga (KA) og i heimetenesta. Stillinga er ledig frå 01.01.20.
Arbeidsoppgåver
Yte pleie og omsorgstenester til pasientane på KA, mellom anna øyeblikkeleg hjelp og rehabiliteringstenester. Avdelinga har 12 sengeplassar, inkludert to KAD plassar. I tillegg er ein del av stillinga arbeid i heimetenesta med pleie og omsorgstenester til pasientane på omsorgsplass. Sjukepleiefaglege ansvars- og arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant etter-/vidareutdanning.
Relevant praksis.
Evne til å arbeide aktivt, systematisk, målretta og løysingsorientert - saman med andre.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.
Særskild for stillinga
Den som vert tilsett må vere fleksible og motivert i høve til å:
Gjennomføre naudsynt kompetanseutvikling, under dette hospitering.
Bidra til kompetansedeling.
Arbeide fleksibelt og behovsbasert mot/i andre avdelingar og team i pleie og omsorg
Stillinga har tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg på KA.
Kommunen kan tilby
Godt arbeidsmiljø
Gode kommunale pensjon og forsikringsordningar
Om søknaden
Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar. For spørsmål om stillinga kan du henvende deg til kontaktperson. Dersom du har behov for hjelp til å søkje kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00. Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort.
Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette.
Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.
Kontakter
Navn: Tone Kjærvik Kveane Tittel: leiar Gaupne omsorgssenter E-post: tone.kjervik.kveane@luster.kommune.no Mobil: 91807550 Arbeid: 57685713
Luster kommune
Luster, Norge