14/01/2019

Undervisningsstilling på studiespesialiserande retning, Stryn vgs

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Stryn, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 25.01.2019

Stryn vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med både yrkesfaglege og studiespesialiserande utdanningsprogram. Stryn vidaregåande skule ligg vakkert til i tettstaden Stryn i indre Nordfjord. Skulen har moderne undervisningslokale med om lag 300 elevar og 60 tilsette. For meir informasjon sjå www.stryn.vgs.no

Om stillingen:

Stryn vidaregåande skule har ledig til saman ca. 100 % vikariat undervisningsstilling ut skuleåret i faga:

  • Spansk 
  • Religion 
  • Matematikk 
  • Biologi/naturfag

Tilsetjing frå midten av mars, eventuelt tidlegare. Det er høve til å søke på eitt eller fleire fag i stillinga. 

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Fagkompetanse i dei nemnde faga 
  • Praktisk pedagogisk utdanning 
  • Må beherske norsk som undervisningsspråk 
  • Gode digitale ferdigheiter 
  • Gode samarbeidsevner 

For stillinga gjeld: 

  • Løn etter gjeldande regulativ 
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 
  • Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9. 

Nærare opplysningar: Avdelingsleiar Anita E. Flo, tlf. 958 84 282 / e-post anita.elisabet.flo@sfj.no 

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk. 
Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju. 

Søknadsfrist: 25. januar 2019

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk nå