10/01/2019

Pedagogisk leiar, Svelgen oppvekst

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Barnehage Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 03.02.2019

Vi har no ledig 2 x 100% faste stillingar for pedagogisk leiar.

Arbeidsoppgåver:

• Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområder, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar. 
• Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen.
• Pedagogisk leiar har eit overordna fagleg ansvar for ei barnegruppe, og leiing av personalet på si avdeling.
• Pedagogisk leiar vil og vere ein del av barnehagane sitt leiarteam, og ha fokus på leiing, fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon.

Krav til kompetanse:

• Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning
• Søknadar frå studentar i avsluttande utdanningsløp vil og bli vurderte
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne
• Gode norsk-kunnskapar

Personlege eigenskapar/ kvalifikasjonar:
• Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
• Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
• Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
• Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
• Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
• Du trivast med, og har helse til å vere ute i all slags ver heile året, og bruke uterommet i det pedagogiske arbeidet. 

Vi tilbyr: 

• Meiningsfylt arbeid og faglege utfordringar
• Godt arbeidsmiljø – trivelege kollegaer
• Tilsetting på kommunale vilkår
• Hjelp til å skaffe bustad
• Hjelp til å skaffe barnehageplass 

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Bremanger kommune lønnar alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar 25 000 kroner over minsteløn.

Kontaktperson: 
Fagleiar for barnehage, Kari Rita Frøyen tlf. 959 82 956 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.  

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå