09/01/2019

Lærar i akvakultur, Fræna vgs

  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Fræna, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 25.01.2019

Arbeidsstad

Fræna vidaregåande skole ligg i Elnesvågen - 25 km frå Molde. Skolen ligg vakkert til ved Romsdalskysten med lett tilgang til både fjord og fjell. Skolen har ca 400 elevar og tilbyr både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skolen står for kunnskap og trivsel i eit miljø prega av kvalitet og likeverd.

Skolen er i stadig endring med nye og spennande opplæringstilbod og vi legg mykje arbeid i internasjonalisering, samarbeid med næringslivet og tilpassa opplæring. Sjå presentasjonsfilm av skolen på youtube, søkeord Fræna vgs.

Opplysningar om stillinga

Vi ser etter ein person som likar å jobbe med ungdom i ein aktiv skolekvardag. Du må være løysningsorientert og kunne jobbe sjølvstendig og i team.

Undervisninga vil vere i programfaga i Akvakultur: Drift og produksjon, Anlegg og teknikk, Oppdrett og miljø samt Yrkesfagleg fordjuping

Oppstart 1. mai 2019 og i 13 månader fram til 1. juni 2020.

Krav til kompetanse

" Undervisningskompetanse
" Utdanning innan akvakultur

Vi vil legge vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna til arbeidet.

Erfaring

" Undervisningserfaring
" Anna relevant utdanning/fagbrev/erfaring innan marint oppdrett

Vi tilbyr

" Eit godt fagleg og støttande kollegialt miljø 
" Personleg og fagleg utvikling
" Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
" Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement. 

Mangfald/ Mangfold

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med etterspurt kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss. 

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. 

Søkarliste / Søkerliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering. 

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.

Kontakter

Navn: Arne Tjelle
Tittel: Rektor
E-post: arne.tjelle@mrfylke.no
Mobil: 95419337
Arbeid: +4771283701

Navn: Johan Konrad Løseth
Tittel: Ass. rektor
E-post: johan.konrad.loseth@mrfylke.no
Mobil: 48000412
Arbeid: +4771283702

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk nå