09/01/2019

Lærar i naturbruk - blå 100 % fast, Fræna vgs

  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Fræna, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 25.01.2019

Arbeidsstad

Fræna vidaregåande skole ligg i Elnesvågen - 25 km frå Molde. Skolen ligg vakkert til ved Romsdalskysten med lett tilgang til både fjord og fjell. Skolen har ca 400 elevar og tilbyr både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skolen står for kunnskap og trivsel i eit miljø prega av kvalitet og likeverd.

Skolen er i stadig endring med nye og spennande opplæringstilbod og vi legg mykje arbeid i internasjonalisering, samarbeid med næringslivet og tilpassa opplæring. Sjå presentasjonsfilm av skolen på youtube, søkeord Fræna vgs.

Opplysningar om stillinga

Vi ser etter ein person som likar å jobbe med ungdom i ein aktiv skulekvardag på sjø og land. Du må vere løysningsorientert og kunne jobbe sjølvstendig og i team.

Undervisninga vil vere både på VG 1 Naturbruk og VG 2 Fiske og fangst. Stillinga er fast frå 1. februar 2019. 

Krav til kompetanse

Yrkesfaglærarutdanning eller relevant fagbrev, 2-årig yrkesteoretisk utdanning utover vgo, 4 års praksis og praktisk-pedagogisk utadnning. 

Dersom ein ikkje har PPU, kan ein etter søknad få støtte til å ta denne utdanninga på deltid.

Vidare må søkjaren kunne føre båt over 15 meder/kystskippersertifikat (D5) og ha erfaring frå fiskeri/havbruk og ha minibuss-sertifikat.

Det er ønskeleg med god IKT-kompetanse og kunnskap om wire- og spectraspleising.

Vi vil legge vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna til arbeidet.

Vi tilbyr

• Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling av best mogelege tenestar.
• Introduksjonsprogram
• Leiarutviklingsprogram
• Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
• Utvikling for kvar medarbeidar
• Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
• Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. 

Søkarliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering. 

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.

Kontakter

Navn: Arne Tjelle
Tittel: Rektor
E-post: arne.tjelle@mrfylke.no
Mobil: 95419337
Arbeid: +4771283701

Navn: Johan Konrad Løseth
Tittel: Ass. rektor
E-post: johan.konrad.loseth@mrfylke.no
Mobil: 48000412
Arbeid: +4771283702

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå