08/01/2019

100% fast stilling som fagleiar ved Svelgen omsorgssenter

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 27.01.2019

Det vert ledig ei 100 % fast stilling, 37,5 t veke som fagleiar ved Svelgen Omsorgssenter.

Fagleiaren har eit tett samarbeid med driftssjef og dei andre fagleiarane i OOI og med andre tilsette internt og eksternt. Fagleiar har det daglege faglege ansvaret for drifta ved Svelgen omsorgssenter.

I 2016 flytta vi inn i eit heilt nytt Omsorgssenter. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og til rettelagd arbeidsplass. Omsorgssenteret har 5 avdelingar, som består av både omsorgsleiligheter, langtids – og korttidsplassar.

Vi har fleire ressursteam i kommunen, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, palliativ omsorg og kreft.
Vi arbeider i årsturnus kor medarbeidarane har anledning til å få innverknad på arbeid –og fritida si.

Vi søkjer etter person som:

  • Har minimum 4 års erfaring frå arbeid som sjukepleiar.
  • Du har gjerne erfaring frå administrasjon og leiing.
  • Har relevant vidareutdanning eller svært relevant erfaring
  • Har gode kommunikasjon – og samhandlingsevner
  • Er løysingsorientert lagspelar og kan arbeide under press
  • Er god på og interessert i å nytte dataverktøy effektivt i kvalitetsarbeid
  • Arbeider systematisk og ønskjer å arbeide med ulike utviklingsprosjekt.

Bremanger kommune kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass


Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg arbeidsmiljø ilag med mange gode medarbeidarar!

 

Gode norskkunnskapar vert vektlagt.

Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato. 

  

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.noeller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Kontaktpersonar:
Hilde Gretha Hauge 
mob: +47 95989310

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå