04/01/2019

Helsesjukepleiar i 100% fast stilling

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 31.01.2019

Frå 01.03.19 er det ledig ei 100% ny, fast stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjonen i Gol.

Helsestasjonen har for tida 3 helsesjukepleiarar og 2 jordmødre og held til i gode, trivelege lokale i same bygg som legekontoret.

Tenesta er organisert under helseavdelinga, med avdelingsleiar som næraste overordna og fagleiar som ansvarleg for dagleg drift.

Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale og interkommunale tenester for barn og unge. 

Arbeidsoppgåver:

* Skulehelseteneste for barn og ungdom
* Vaksinasjon
* Utstrekt tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

* Helsesjukepleiar med autorisasjon
* Anna relevant tilleggskompetanse

Vi søkjer ein medarbeider som:

* Har erfaring frå skulehelseteneste eller anna relevant erfaring
* Er engasjert og reflektert
* Har evna til å få god kontakt med barn og ungdom
* Kan arbeide sjølvstendig og målbevisst
* Har gode samarbeidsevner

Vi ynskjer at:

* Du har god relasjonskompetanse
* Du ser barnet og familien i heilskapleg perspektiv
* Du har gode verktøy i arbeidet

Vi tilbyr:

* Eit godt og triveleg fagmiljø
* Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
* Ei teneste under utvikling
* Deltaking i ulike kommunale fora

For stillinga gjeld:

* Lønn etter utdanning og ansiennitet
* Tenestepensjon

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga 

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. 

Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

Navn: Lene Kristin Hilleren Spangebu
Tittel: Leiande helsesjukepleiar
Mobil: 46886899
Arbeid: 32029216

Navn: Ingebjørg By Teigen
Tittel: Avdelingsleiar
Mobil: 91348300
Arbeid: 32029118

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå