
Søknadsfrist: |
04.12.2023
|
Søknadsfrist: |
04.12.2023
|
Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig:
Miljøterapeut, 100 % fast stilling, tilsetting så snart som mogleg
Arbeidsoppgåver: Følgje opp elevar som har utfordringar med den ordinære skulekvardagen.
Vere fleksibel i høve til alternative opplæringsarenaer.
Kvalifikasjonar: 3-4 årig høgskule/universitetsutdanning innan helseområdet. Ynskjeleg med kjennskap til traumer og ulike psykiske utfordringar.
Personlege eigenskapar:
· Relasjonelle eigenskapar vert tillagt avgjerande vekt
· Førarkort for klasse B er eit krav
· Du må sjå heile mennesket og vere ein støttespelar og inngje tillit
· Du må kunne byggje alliansar for å oppnå eit mål på andre sine vegner
· Du må vere fleksibel og løysingsorientert
· Du må vere sjølvstendig
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Løn etter gjeldande avtaleverk basert på utdanning og praksis.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til rektor Odd-Arne Thorbjørnsenpå tlf. 35055302 eller mobil 90839469.
Søknadsfrist: 04.12.23
Kviteseid kommune ligg sentralt i Vest-Telemark. Telemarksvassdraget (Telemarkskanalen) og Arendalsvassdraget set sitt preg på landskapet. Dei flotte fjella rundt og naturen elles inviterer til ulike friluftsaktivitetar sommar som vinter.
Kommunesenteret, Kviteseid ligg midt mellom turistbygdene Vrådal og Morgedal.
Kommunen har eit variert næringsliv bygd på reiseliv, småindustri, landbruk, handel og offentleg tenesteyting. Kviteseid har lange tradisjonar som administrasjonssenter på grunn av si sentrale plassering i Vest-Telemark og ved Telemarksvassdraget.