04/01/2019

Rådmann

  • Årdal kommune
  • Årdal, Norge
Administrasjon - Økonomi Ledelse

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 01.02.2019

Då noverande rådmann sluttar i stillinga 1.september 2019, søkjer me etter ny rådmann for fast tilsetjing.

Administrativt er kommunen organisert etter to-nivå modell. Administrativ leiing er idag samansett av rådmann og 2 kommunalsjefar.

Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar med samordningsansvar for heile den kommunale verksemda.

Prioriterte oppgåver

* leie og gjennomføre strukturelle endringar/omstillingar for heile tida å kunne tilpasse kommunen sitt driftsnivå i samsvar med økonomiske rammer og felles mål
* utvikle godt samspel i organisasjonen og mellom administrasjon og politikk
* god økonomistyring og effektiv iverksetjing av politiske vedtak
* overordna planlegging, økonomistyring og resultatvurdering
* ta del i utviklingsarbeid i kommunen for å gjere Årdal til ein enno meir attraktiv bustadkommune
* vere aktiv deltakar i ÅLA-samarbeidet. (Kommunesamarbeid mellom Årdal, Lærdal og Aurland)
* vere synleg tilstades i og utanfor organisasjonen 

Kvalifikasjonskrav

Som person ynskjer me at du er utadvendt, initiativrik, motiverande, samlande, handlings- og løysingsorientert - med evne til å tenkje heilskapleg og strategisk. Du må ha relevant høgare utdanning og solid leiarerfaring.

Det vert lagt stor vekt på personelege eigenskapar ved tilsetjing.

Me kan mellom anna tilby

  • Løn etter avtale og ei utfordande leiarstilling der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ei sentral rolle i kommunen si vidare utvikling.
  • Me har gode pensjons- og forsikringsordningar. 2 % av løna vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Du kan få hjelp til å skaffe bustad
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Kontaktinformasjon og søknadsprosedyre

Dersom du ynskjer fleire opplysningar om stillinga, kan du ta kontakt med ordførar Arild Ingar Lægreid, tlf. 97 52 91 37.

For å søkje på stillinga går du til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside; www.ardal.kommune.no. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken. Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontakter

Arild Ingar Lægreid
arild.ingar.laegreid@ardal.kommune.no 

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå