
Søknadsfrist: |
27.11.2023
|
Søknadsfrist: |
27.11.2023
|
Søknadsfrist: |
27.11.2023
|
Ledig 100% vikariat som lærar frå 01.01.2024 og ut skuleåret 23/24.
Om arbeidsplassen:
Opedal skule er ein 1.-7. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 119
elevar og 21 tilsette. Skulen ligg fint til i bygda Lofthus, i nær tilknyting
til både fjell og fjord.
Skulen arbeider systematisk med verdiar. Verdiane er utarbeidd
i eit samarbeid mellom tilsette, foreldre og elevane våre.
Verdiarbeidet viser igjen i all aktivitet ved skulen, både i
det psykososiale miljøet og i læringsaktiviteten.
Det pedagogiske arbeidet til skulen er knytt til Læringssirkelen. Alle tilsette
får opplæring i dette arbeidet.
Skulen har fokus på implementering av ny læreplan, og
utviklingsområdet vårt det komande skuleåret er å sikra eit godt
psykososialt miljø med vekt på livsmeistring.
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
● er ein god klasseleiar og tydeleg vaksen
● har god relasjonskompetanse
● har god formidlingsevne
● samarbeider godt i lærande fellesskap
● er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål
● er løysingsorientert og fleksibel
Me tilbyr:
● eit godt arbeidsmiljø
● eit godt pedagogisk utviklingsmiljø
● løn etter avtaleverk
● hjelp til å finna bustad
Krav:
Politiattest
Kontaktperson:
Helga Opedal
mob: +47 95237206
Ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?