03/01/2019

Førstekonsulent/rådgjevar næringsutvikling mm.

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Leikanger, Norge
Administrasjon - Økonomi Rådgiver - Konsulent Samfunnsutvikling

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 23.01.2019

Vi er ein aktiv utviklingsaktør som saman med kommunane, statlege etatar, næringslivet og ulike organisasjonar arbeider med utviklingstiltak i heile fylket. 

Nærings- og kulturavdelinga har ansvar for både næringsutvikling og fylkeskommunen sin kulturinnsats. Vi har allsidige og utadretta oppgåver, der fellesnemnaren er å legge til rette for utvikling i Sogn og Fjordane. Avdelinga har ledig stilling som: Førstekonsulent/rådgjevar – næringsutvikling mm.     

Vår nye medarbeidar vil hovudsakleg arbeide med følgjande:

  • Arbeid med å legge til rette for næringsutvikling 
  • Utviklingsoppgåver innan plantema nyskaping og kunnskap i verdiskapingsplanen, som ligg på www.verdiskapingsplanen.no
  • Arbeid med breiband-satsing, i nært samarbeid med kommunane
  • Arbeid med faglege oppgåver som ligg til næringsområdet, m.a. sakshandsaming, utgreiing og oppfølgjing av prosjekt
  • Noko administrativt arbeid, både innan økonomi og dagleg drift av administrasjonen 

Vi er i endring, og det kan etter kvart vere aktuelt å legge andre oppgåver til denne stillinga. 

Arbeidet vil innebere mykje utadretta kontakt, og du vil arbeide nært saman med samarbeidspartnarar som kommunar, næringsselskap og Innovasjon Norge.  

Du må ha: 

  • Høgskuleutdanning innan økonomi/administrasjon eller tilsvarande, minst på bachelor-nivå 
  • Kravet til utdanning og utdanningsretning kan fråvikast for søkjarar som har særs god og relevant praksis  

Vi vektlegg:

  • God evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, og du er løysingsorientert
  • Gode evner til å samarbeide med andre, både internt og ut mot kommunar og samarbeidspartnarar 
  • Legning for å møte andre på ein god måte 
  • Kunnskapsdeling 
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne 

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fylkeskommunen bidreg også med hjelp til å skaffe bustad og dekking av flytteutgifter 

Nærmare opplysningar får du hjå ass. fylkesdirektør Endre Høgalmen (tlf. 952 07 789) eller fylkesdirektør Jan Heggheim (tlf. 905 66 623). 

Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er fylkeshuset i Leikanger.  

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. 

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. 

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.   

Søknadsfristen er 23. januar 2019. 

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå