02/01/2019

Fastlegehjemmel med null-avtale og 20 % fast stilling

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Lege

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 31.01.2019

Fastlege ved Gol kommunelegekontor med null-avtale og 20 % stilling i offentlege legearbeid.

Det er oppretta 1 ny heimel som fastlege i Gol kommune frå 1.1.2019. Det er 5 legar og 1 turnuslege samla i eit kommunalt legekontor og 1 lege som driv privatpraksis i eige lokale.

Det er under arbeid eit prosjekt for å få etablert utdanningsstillingar for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu.

Ynskjer du eit spennande og variert legeliv med arbeidsoppgåver som inkluderer det meste, og med gode samarbeidspartnerar, er dette arbeidsstaden for deg. Kontoret er velutstyrt, med blant anna skadestuer og mykje moderne utstyr, blant anna digitalt røntgenustyr og ultralyd.

Kommunen eig og driftar kontoret med erfarne medarbeidarar og sjukepleiarar. Per d.d. er det ca. 3.300 innbyggjarar på fastlegelister. I tillegg utgjer nødvendig legehjelp til Gols mange besøkande ein betydeleg del av arbeidet.

Det er for tida legevaktsamarbeid med Hemsedal kommune, 7-delt kvelds-/ helgevakt. Det er interkommunalt samarbeid om nattlegevakt for heile Hallingdal med base i nabokommunen Ål, med ca. 20-delt nattevakt.

På vanleg måte er fastlegane i Gol tilplikta 20 % offentleg legearbeid. Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen. Denne utlysinga på 20 % er for tida knytt opp til funksjon som sjukeheimslege.

Heimelen har eit listetak på inntil 800 pasientar som tilsvarar ein full legeheimel i kommunen.

Vi søkjer:

* Du er fagleg dyktig med evne til å ta sjølvstendig ansvar og har vilje til fleksibilitet 
* Du har interesse for fagutvikling, kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid 
* Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
* Du er personleg eigna som fastlege og kollega
* Du har gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
* Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk 

Kvalifikasjonar:

* Lege med norsk autorisasjon 
* Spesialist i allmennmedisin eller er under utdanning som spesialist i allmennmedisin
* Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
* Førarkort for bil

Andre krav:

* Søkar må slutte seg til interne avtaler på lik line med dei andre legane
* Full deltaking i legevaktarbeidet
* Politiattest
* Det vil bli innhenta referansar

For heimelen gjeld:

* Disponering av legekontor og tilgang til medarbeidarar og utstyr ved kommunelegekontoret. Forbruksmateriell og medisinar må refunderast til kommunen.

Anna:

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Kontakter

Navn: Ingebjørg By Teigen
Tittel: Avdelingsleiar
Mobil: 91348300

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå