Søknadsfrist: |
21.10.2023
|
Søknadsfrist: |
21.10.2023
|
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Teknisk drift er Sunnfjord kommune si tenesteining for kommunaltekniske tenester. Eininga har i dag 31 tilsette servicemedarbeidarar, fagarbeidarar og ingeniørar. I tillegg til dagleg drift og vedlikehald av kommunalteknisk infrastruktur, deltek vi også i mange store og spennande utviklings- og utbyggingsprosjekt. Arbeidsdagen er prega av hektisk aktivitet i eit humørfylt arbeidsmiljø, med faglege og praktiske utfordringar og utviklingsmoglegheiter.
Vi har behov for å styrke bemanninga innan oppmåling og utvikling av ledningskart, og søker difor etter ein GIS- ingeniør VA i 100 % fast stilling.
Du vil inngå i einingsleiar sin stab, saman med andre prosjektingeniørar. Utstrakt deltaking i eit tverrfagleg fagmiljø vil og være ein svært viktig del av stillinga. Andre oppgåver og funksjonar kan og bli lagt til stillinga ved endringar i organisasjonen.
Det er ønskeleg med gode datakunnskaper og erfaring med GISLINE eller tilsvarande kartsystem. Relevant erfaring frå offentlig verksemd er også ønskeleg, men nyutdanna kandidatar oppfordrast til å søke. Erfaring med offentleg forvaltning og sakshandsaming er ein fordel.
Kontaktpersonar:
Einingsleiar Leif Halvor Kårstad
mob: +47 959 80 989