
Førde barneskule er ein 1-7 skule med om lag 240 elevar. 110 av elevane har SFO tilbod.
Skulen har eit godt arbeidsmiljø. Det er god delingskultur og ei stabil personalgruppe. Det er vektlagt at alle som arbeider på Førde barneskule skal ha ein felles pedagogisk plattform, og dei tilsette ved skulen har gjennomført kurs i inkluderande skulemiljø. Skulen deltar i kursverksemd og utdanning for å utvikle oss vidare, og refleksjonar i personalgruppa er vektlagt i utviklingsarbeida.
Det er ein fordel om du har relevant praksis.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar kan andre med relevant erfaring og interesse for faget vere aktuelle.
Stillinga er arbeid i skule og SFO. Arbeidstid er kvar ettermiddag til kl. 16.00/16.30. Det vil og vere arbeid på SFO i deler av skulen sine feriar. Stillinga kan aukast opp ved å jobbe som vikar.
Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt ved tilsetting.
Søkar må framlegge politiattest før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktperson:
Therese Helland
tlf: +47 57 72 10 82
mob: +47 915 91 751
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.