
Søknadsfrist: |
24.09.2023
|
Søknadsfrist: |
24.09.2023
|
Fleire av våre dyktige medarbeidarar har gått av med pensjon, nokon studerer, og me har ledig 3 x 100% vakante stillingar ved Bråto bufellesskap i Kinsarvik.
Stillingane har turnus med langvakter og arbeid kvar 4.helg med
Me søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med relevant utdanning som barne ungdomsarbeidar og miljøarbeidere vert vurdert.
Bråto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me har avlastningstilbod, og me driftar bruktbutikken Gjenbruksdraumar i lag med brukarane våre.
Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.
Hovedarbeidsoppgåver
Me ser etter deg som
Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga.
Du må ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg
Me kan tilby
Kontaktperson for stillingen
Therese Bakke
+47 90408273
therese.bakke@ullensvang.kommune.no
Ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?