
Søknadsfrist: |
23.09.2023
|
Søknadsfrist: |
23.09.2023
|
Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.
Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Vi har eit tett samarbeid med jobbspesialistar.
I eininga er vi omlag 22 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har også ei utekontaktstilling i eininga som jobbar førebyggjande opp mot ungdom. I tillegg har vi tilsett erfaringskonsulent i prosjektstilling. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjerdsle.
Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg.
100 % vikariat på Sande frå januar 2024
Stillinga er arbeid på dagtid.
Stillinga er turnusarbeid – langvakter, dag og kveld med moglegheit for arbeid på helg.
Vi oppmodar menn om å søke, då vi ønsker å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Kontaktperson:
Finn Ove Arnes, einingsleiar
tlf: +47 577 26 0 71
mob: +47 476 53 520
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.