
Søknadsfrist: |
22.10.2023
|
Søknadsfrist: |
25.09.2023
|
Søknadsfrist: |
25.09.2023
|
Søknadsfrist: |
29.09.2023
|
Vestland tannhelseteneste - område Sør-Aust har ledig 100% fast stilling som tannlege med tiltreding snarast råd etter avtale med områdeleiar. Tenestestad er for tida ved Vik tannklinikk.
Vik tannklinikk er ein klinikk for tannlege, tannpleiar og tannhelsesekretær. Trivelig ,nyoppusset og fin klinikk med varierte arbeidsoppgåver.
Løn etter avtale med ei minsteløn på kr 620 000,- og eit rekrutteringstillegg på kr 25 000,-.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleg gjord.
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen
områdeleiar tannhelse
Telefon: 99021332
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.