
Søknadsfrist: |
29.09.2023
|
Søknadsfrist: |
29.09.2023
|
Har du lyst til å jobbe med eksponeringsterapi i eit tverragleg miljø?
Ved tannhelsetenesta sitt kompetansesenter (Tk Vestland) er det ledig 100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist ved Senter for Odontofobi (SFO). Stillinga er ein del av tannhelsetenesta i Vestland sitt spesialisttilbod og inngår i kompetansesenteret sitt TOO-team (tannhelsetilbud til tortur- og overgrepsutsatte og personer med odontofobi).
Tenestestad er for tida TkVestland, som ligg i det nye odontologibygget, Årstadveien 19, Bergen, samt tannklinikk for TOO/SFO i Årstadvegen 21. Stillinga kan medføre ambulering til andre tannklinikkar med tverrfaglege TOO Team i Vestland fylkeskommune.
Det er to psykologar tilsett i teamet i Bergen. Dei er tilsett i TOO TkVestland. Psykologen undersøkjer pasienten sine rettar til tenestetilbodet. I tillegg vurderar psykologen om pasienten kan ta imot og ha nytte av behandlinga i TOO. Målet med behandlinga er god oral helse. Derfor krev det eit tett tverrfagleg samarbeid med tannpleiarar og tannlegar. Vidare har psykologen ein viktig rolle i pasientretta undervisning og kurs for tannhelsepersonell. Tverrfaglege TOO Team tar del på nettverkssamlingar og får opplæring og kurs innan fagfeltet.
Kompetansesenteret har samarbeidsavtale med UiB Institutt for klinisk odontologi (Masterprogram i odontologi og Bachelorprogrammet i Tannpleie) der tilsette i Senter for odontofobi foreles i ulike fag.
Stillinga blir løna av Vestland fylkeskommune etter kvalifikasjonar
Stillinga kan delast
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under 24 år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Spørsmål om stillingen
Martha Sørensen
områdeleiar tannhelse
Telefon 98 01 28 34
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.