
Søknadsfrist: |
Snarest
|
Søknadsfrist: |
Snarest
|
Velkommen til mangfaldige Geiranger. Kanskje verda si største bygd på sommarstid, men også ei lita, roleg og koseleg bygd på vinterstid. Midt i smørauget i sentrum av Geiranger ligg barnehagen, samlokalisert med Geiranger skule og SFO i verdsarvområdet Geirangerfjorden. Nærmiljøet rundt barnehagen er ulikt noko anna, med bratte fjell som kransar rundt bygda og den unike Geirangerfjorden. Nærområdet og den majestetiske naturen er gull verdt for aktivitetane og det pedagogiske opplegget i barnehagen. Barnehagen består av ei avdeling og har eit svært rikt språkleg- og kulturelt mangfald for storleiken sin. Som tilsett i Geiranger barnehage har du ei unik moglegheit til å skaffe deg erfaringar få andre plassar kan tilby. Fjordsenter, verdsarvstiftinga og andre lokale aktørar har du fleire unike ressursar til å utvikle og tilpasse aktivitetane i barnehagen.
Frå snarast har Geiranger barnehage ledig:
Det er ynskjeleg at søkjar har utdanning som barnehagelærar eller fagarbeidar.,
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar vert varsla om dette blir gjort, jf. offentleglova § 25.
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bu og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider, og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan kandidatar utan utdanning bli vurdert for midlertidig tilsetting 1 år.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Kontaktinformasjon
Susan Aambakk Helsem
Einingsleiar
Telefon: 464 11130
E-post: sushel@stranda.kommune.no
Joachim Fiskarstrand Røbekk
Einingsleiar
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir