Sunnfjordskulen er prega av trivsel, gode faglege resultat og godt profesjonsfagleg samarbeid, og har behov for fleire lærarar. Som nyutdanna deltar du i eit eige program med andre nyutdanna, og får tett oppfølging av eigen mentor. Ein glimrande start på arbeidslivet!
Sunde skule er 1.-7. skule med ca. 160 elevar.
Vi er ein nyutbygd moderne skule med gode rammevilkår for å jobbe variert og praktisk. Våre satsingsområde er aktive elevar, utforskande læring og inkluderande skulemiljø.
Sunde skule treng lærar i 100 % stilling som kan undervise på 1.-4. steg. Deler av stillinga vil vere å følge opp elevar med spesielle behov. Praktisk/estetiske fag og kroppsøving på 5.-7. steg kan også bli lagt til stillinga.
Fagønske: spesialpedagogikk
Sande skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 282 elevar og 50 tilsette. Vi har ein flott idrettshall og har eige symjebasseng. Skulen har fokus på trivsel og gode relasjonar til elevane.
Vi treng lærarar i 2 x 100 % stilling som kan ta timar på 4.-10. klassetrinn.
Fagønske: mange fag kan vere aktuelle, men det er ein fordel med ekstra kompetanse i basisfaga norsk og engelsk.
På Førde ungdomsskule er det 300 elevar og 40 tilsette. Skulen har gode faglege resultat og høg trivsel både blant elevar og tilsette.
Vi søker etter lærarar i 2 x 100 % stilling.
Fagønske: norsk og/eller engelsk.
Slåtten skule, er ein 1.-7. skule. Vi har 380 elevar og 55 tilsette. Visjonen vår er; Saman skal vi få med alle! Vi er ein god inkluderande skule og SFO, med dyktige og engasjerte tilsette. Skulen har eit flott uteområde, som ligg svært godt til rette for aktivitet både sommar og vinter.
Vi søker etter lærar i 100 % stilling som kan undervise i 1.-7. klasse, gjerne med fagkompetanse i engelsk.
Kvalifikasjonar
Dei som vert tilsett må kunne ta på seg kontaktlæraransvar. Dei fleste vikariata varer ut skuleåret men nokre vikariat kan ha kortare varigheit.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Vi krev politiattest av ny dato før start i stilling.
Du finn meir informasjon om skulane og stillingane på skulane sine nettsider.
Det kan bli fleire ledige stillingar fram mot skulestart, og vi treng også tilkallingsvikarar
Du søker elektronisk og prioriterer i søknaden kva skule du søker på. Det er viktig at du legg ved (lastar opp) vitnemål og attestar.
Velkommen til Sunnfjord. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktpersonar:
Anne Kristin Finsveen Midtbø (Sunde skule)
mob: +47 957 43 593
Hallgeir Hamre (Førde ungdomsskule)
mob: +47 958 71 487
Rune Kvammen (Sande skule)
mob: +47 959 93 920
Turid Hatlem (Slåtten skule)
mob: +47 915 42 562
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.