
Me er på jakt etter ein positiv medarbeidar med godt humør og stort engasjement for elevane våre!
Tu skule har ledig 50-100 % vikariat frå 01.08.23-30.06.24 med mogleg forlenging. Stillingsprosent vert avklart med den tilsette. Viss den tilsette ønskjer 50 % stilling, vert heile stillinga på SFO. Viss det er ønskjeleg med høgare stilling, vert stillinga fordelt mellom skule og SFO.
Tu skule er ein barneskule med omlag 230 elevar og 40 tilsette. Til hausten er det 70 elevar frå 1.-4. trinn som skal gå på SFO. Skule og SFO har moderne og flotte lokaler som innbyr til ein variert kvardag.
Har du ein spanande interesse som elevane våre kan dra nytte av? Mogleg du har erfaring innan idrett, musikk, kunst, kultur eller teknologi? Det hadde i tilfelle vore ekstra spanande for elevane våre. Me er uansett interessert i å høyra frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Organisera aktivitetar, leik og læringssituasjonar for elevar i skule- og SFO-tid
- Gje ekstra fagleg og sosial støtte til enkeltelevar i klasse, gruppe og individuelt
- Leggja til rette for eit trygt og godt læringsmiljø
- Gjennomføra observasjon ute og inne
- Bidra til å løysa konfliktar blant elevar
- Samarbeida med elevar, føresette, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande fagutdanning
- Erfaring frå arbeid på SFO og skule er ønskjeleg
- Gode norskkunnskapar er ein føresetnad
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt på
I tråd med Opplæringslova er tilfredstillande politiattest ein føresetnad for tilsetting.
Personlege eigenskapar
Me ønskjer trygge vaksne med godt humør og stort engasjement for elevane våre.
- Du er ein god relasjonsskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er positiv og fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivst godt i arbeid med barn som treng ekstra omsyn
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollega
- Ein framoverlent organisasjon
- Moderne rom og fasilitetar
- Løn etter sentrale avtalar
Klepp kommune har ulike velferdordningar og gode pensjon- og forsikringar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår frå utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Vibeke Sola
Rektor
Telefon: 40288726
Om Klepp kommune
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgste staden i og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19200 innbyggjarar. Me har eit rikt organisasjons- og kulturliv. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st, Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.