Undervisning i praksis og teori i elektro og datateknologi/automasjon
Utarbeida dokumentasjon og planar for undervisninga
Oppfølging gjennom vurdering og rettleiing av elevar
Leggje til rette for at elevane kan bestå faget med best mogleg resultat ut frå sine føresetnadar
Kontaktlæraransvar kan bli tillagt stillinga
Samarbeida med andre tilsette på skulen og skulen sine samarbeidspartnarar
Yrkesfaglærarutdanning i elektro og/eller automasjon eller relevant praksis og fagbrev
Det er ynskjeleg med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Det er ynskjeleg med høgare utdanning innan relevante fag
Gode tekniske og faglege dugleikar
Kunne meistra IT og relevante programvarer
Personar utan praktisk pedagogisk utdanning kan òg søke stillinga, men må då ta denne utdanninga innan 3 år etter tilsetjing.
Du har engasjement og trivast saman med ungdom.
Du bidreg til å skape gode relasjonar, både til elevar og kollegaer
Du har god pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn
Du er ein trygg og tillitsskapande vaksenperson
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
Me kan tilby eit godt og triveleg arbeidsmiljø på ein flott skule med tett samarbeid med næringslivet. Godt kollegasamarbeid og delingskultur. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Andre opplysningar:
I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort. Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Det er krav om politiattest.
For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar for elektrofag John Ivar Alvsvåg, telefon 91 74 71 18.
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.