
Vil DU bli ein del av vårt lag, og jobbe som miljøterapeut med tiltak og tenester for funksjonshemma i ein av Noregs vakraste kommunar? Då har vi jobb til deg! Sektor for helse og omsorg, TTF, søker miljøterapeut i 100 % fast stilling frå 01.09.2023.
Hovudansvarsområde:
Vi ynskjer oss ein miljøterapeut som ser heilskapen, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, initiativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande og spanande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Vi skal spele kvarandre gode!
Stillinga er eit ledd i å styrke tenesta og vil samarbeide tett med fagansvarleg vernepleiar og andre faggrupper som jobbar i tenesta og på tvers med andre tenestar som barnehage/SFO og skule.
Den vi søker må takle stress og nye utfordringar, vere fleksibel og samarbeidsvillig, og like varierande arbeidsoppgåver. Du må kunne jobbe i team, og kunne stå åleine med hovudansvar. Vi deltek i fagutvikling, forbetrings- og endringsarbeid, kompetanseheving innanfor klinisk vurderingskompetanse og tek i bruk teknologi og digitale løysingar der det kan bidra til å understøtte meistring og medverknad.
Oppfylging av brukarar i tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell og spesialisthelseteneste.
Kvalifikasjonar:
- Vi ynskjer søkarar med relevant 3-årig bachelor-utdanning
- For miljøterapeut er det krav om 3-årig høgskuleutdanning innan relevant fagområde, dette vil bli vurdert ut ifrå dei behov for kompetanse avdelinga treng
- Erfaring/interesse frå/for arbeid med personar som har utviklingshemming og funksjonsnedsetting vil vere ein fordel
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi søker ein person som:
- Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
- Ynskjer å jobbe med brukarar i ulik alder med hovudvekt på yngre og barn
- Har gode evner til å kommunisere og skape ein god arena for samarbeid
- Har evne til å jobbe sjølvstendig
- Har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Likar utfordringar
- Har brukar i fokus
Vi tilbyr:
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor – med fokus på at saman får vi det til (alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon)
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- 35,5 timars veke
- Løn etter avtale
- Hjelp til å skaffe bustad
- Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen
- Barnehage og skule er lokalisert i sentrum
Tilsettingsvilkår:
- Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk
- Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato
- Utanlandske søkarar må ha norsk autorisasjon
- Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve
- Den som blir tilsett må ha førarkort for personbil
Kontaktperson ved spørsmål:
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar HSPL/TTF, Gunn Marit Aslestad, på telefon 97 71 71 05.
Søknadsfrist:
Søknadsfrist for stillinga er 18.06.2023.
Velkomen som søkar!
NB. Menn blir oppmoda om å søke med bakgrunn i brukargrunnlag og samansetning i personalgruppa!
Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Nøkkelord: Fyresdal FB3