
Fyresdal kommune søker aktivitets- og kulturarbeidar i pleie og omsorg. Stillinga er 100 % fast og ledig frå 01.09.2023.
Stillinga inneber fylgjande:
Ansvar for aktivitets- og kulturtilbodet for bebuarane på pleie- og omsorgssenterert, samt dagtilbod til heimebuande personar med og utan demens.
Primært vil oppgåvene vere å legge til rette for aktivitet og skape ein meiningsfull kvardag for bebuarar og heimebuande på dagtilbod. Å vere med i serveringa av måltid, og skape gode måltid og matglede vil også vere viktige oppgåver.
Aktivitets- og kulturarbeidaren skal planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar, og motivere brukarar til å delta i desse. Aktivitets- og kulturarbeidaren må vurdere og dokumentere aktivitetane og vere med å utvikle, kvalitetssikre og marknadsføre dei. Aktivitets- og kulturarbeidaren skal ta utgangspunkt i brukar sine ressursar, ynskje og helse, med personsentrert omsorg og brukar i fokus, samt skape livsglede. Aktivitets- og kulturarbeidaren må samarbeide med avdelingsleiar og dei andre tilsette, mange frivillige hjelparar, tilsette i kultur og oppvekst, og ulike andre samarbeidspartnarar.
Arbeidstid vil primært vere på dagtid, men den som blir tilsett må vere fleksibel og rekne med noko ettermiddags- og kveldsjobbing.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som aktivitør, eller fagarbeidar med relevant helsefagleg utdanning
- Erfaring innan helse og omsorg
- Interesse for eldreomsorg og demens
- Interesse for å gje bebuar og brukar ein meiningsfull kvardag
- Gode datakunnskapar, erfaring med dokumentasjon og rapportskriving
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Vi søker ein person som:
- Er løysingsorientert og viser initiativ
- Er ny-tenkande, engasjert i aktivitet og kan motivere
- Er positiv og fleksibel, kan jobbe sjølvstendig og samarbeide med andre
- Har stor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektisk
- Er tolmodig og har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr:
- Spanande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Løn etter avtale
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen
Den som blir tilsett vil ha moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag, og vere med å utvikle tenestetilbodet.
Kontaktperson ved spørsmål:
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar POS, Gry S. Åmlid, på telefon 35 06 71 88, 35 06 71 67 eller 90 77 08 30.
Tilsettingsvilkår:
- Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, inkludert 6 månadar prøvetid
- Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato
Søknadsfrist:
Søknadsfrist for stillinga er 18.06.2023.
Velkomen som søkar!
Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Nøkkelord: Fyresdal FB3