Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik og moderne skule i Arna med omlag 300 elevar fordelt på fem utdanningsprogram. Desse programma er bygg-og anleggsfag, helse-og oppvekstfag, medium-og kommunikasjon, studiespesialiserande og medieproduksjon og informasjonsteknologi. Skulen held til på idylliske Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Skulen vart rehabiltert i 2018 og framstår som heilt ny. Frå hausten har skulen ledig stilling som lærar i mediefag. 100% fast stilling.
Undervise i mediefag.
Mediesamfunn, medieuttrykk, medieproduksjon og mediespesialisering kan være aktuelle fag.
God utdanning i mediefag . Pedagogisk kompetanse.
Ønska spisskompetanse :
Grafisk design
Speldesign, 3D-modellering, digital 2D-og 3D animasjon
Ul- og UX design
Gjerne bransjeerfaring
Samarbeider godt med kolleger, foreldre og elevar
Tek omsyn til at elevane er ulike, og at dei er i ein utviklingsprosess både sosialt og fagleg.
Reflekterer rundt eigen praksis og ynskjer å utvikle den vidare
Tilsetting på fylkeskommunale vilkår.
Gode kolleger og godt elevmiljø
Liten skule i fine naturomgjevander
Kontaktinformasjon
Svein Arne Nybø
ass. rektor
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.